Grimsoga

Parallelt med norrøn sanntid foregjekk ei epoke som blir kalla grimtid. Dikta frå denne tida blir med ei samlebetegning kalla "Grimsoga". "Grimsoga" er ei ættesoge som handlar om alle slektsledda frå dei fyrste grimmane Grim og Grima, fram til den siste navngjedde grim, Skallagrim Diktaren.

Monday, September 26, 2005

Heilgrim Hallgrimsson

Eg heiter Heilgrim Hallgrimsson
og er så grim ein kar
Mor mi er'kje gla i meg
for eg har ingen far
Eg bur oppunder fjell
og jenta som eg elskar
er lova til han Kjell

Eg heiter Heilgrim Hallgrimson
no vill eg ta meg viv
for Gnup den vene bortlova
eg ville gje mit liv
Eg bur oppunder fjell
Og for å bli mi festarmøy
må festar hennar døy

Eg heiter Heilgrim Hallgrimsson
den udåd eg skal ta
blir straffa hård og dommen lang
om ein utan pengar ba
Eg bur oppunder fjell
No drar eg ut på grimferd
eg reisar no ikveld.

Eg heiter Heilgrim Hallgrimsson
og no så sjer eg land
i tjue hårde døger
har eg berre syna vann
Eg for frå hårde kår
Men no er sola vakna
Og himmelen er klår.

Eg heiter Heilgrim Hallgrimson
trur eg i alle fall
på øya kom ho til meg
av ho fekk eg mitt kall.
Av all trolldoms makt
Er Grima grime stammor
Ein evig røyndomspakt.

Eg heiter Heilgrim Hallgrimsson
Men ei son er eg meir.
Min oppgave har endra seg.
No bryt opp min leir.
Langt oppi fjellom er
Ei trolldomsord med lite makt
Om du ikkje ungar ber.

Eg heiter Heilgrim Grimsdottir
Kjærleiken er svår.
Når eg sjølv har verte brystfager,
Gnup eg ikkje får.
Eg bur oppunder fjell
Gnup kan eg ikkje eie.
Men Kjell skak’kje få ho hell!

Eg heiter Heilgrim Grimsdottir
No skal veide Kjell.
Så får vi sjå kva Gnup syns no,
Ho syns nok eg er grell.
Men viss ho vil meg ha
Vil eg manndom gje ho
Og då gjer eg ho mitt ja.

Eg heiter Heilgrim Grimsdottir,
Det er eit frykta namn.
For å få ho eg elskar
Drap eg så ein mann.
Eg slakta han ei natt
Fyrst så vært Gnup fælen
Men no er han betatt.

Eg heiter Heilgrim Grimsdottir
Og av døtre har eg tre
Grimstri, Borggrim, Grimlaug,
Dei kjem ikkje kvadet ved.
Vi bur oppunder fjell
Gnup er mann i huset
Og lagnaden er vel.

Kvadet om Grimfrid Grimsdottir

Grimfrid gjekk utor døyra
Åh, Hallgrim, vil du høyra
mi kjærleksvise
Slut å gjere kur til ho Lise

Hallgrim gjekk hen
og forelska seg igjen
i Grimfrid, den grimme møy
ho var uven, men han var høy

Ho fekk ein son
dei kalla han Grimleik
Hallgrim tok opp lån for
Grimleik var veik

Men Grimfrid den grimme møy
til sin høye Hallgrim løy
for sonen hadde ein annan far
og Villgrim var det navn han bar

Grimleik vaks seg stor og sterk
ingen visste han var Villgrims verk
men samvete plaga Grimfrid hårdt
minnet om Villgrim naga ho sårt

Ein dag gjekk ho utor døyra
Åh, Hallgrim kan du høyra
sonen min, Grimleik er ikkje din
han er grimme Villgrim sin

Da blei høge Hallgrim vred
slo den grimme Grimfrid ned
og drap seg sjølve etterpå
kor skulle no han Grimleik gå?

Villgrim,er eg av ditt blod?
Av mi herkomst? Villgrim lo
Ja, det skulle eg likt å tru
her kan du i all fall ikkje bu

Grimleik sprang i skogen ut
her går eg visst for vann og lut
no vil eg ikkje leva meir
og myrda seg sjølv ved eit fuglereir

Fuglane sang om Grimleiks daud
så grimt og sårt og vondt det laud
Da Villgrim fatta kos det stod til
Blei han både grim og vill

Då tok han øksa i si hand
fukta slipesteinen med litt vann
han slipa både dag og natt
heilt til han var både utslitt og matt

Så døyde han ved slipestein
alt som var att var skinn og bein
no var det ingen grimmar att
og Villgrims kone var forlatt

Men i magen til Villgrims kone
spira ein ny prins til Grimmenes trone
Heilgrim Hallgrimsson det var
som skulle bli den nye grimme far!

Rannveig, Torgunn © 2005 Lisa, Miriam

Soga Grim og Grima

Grim budde på ein gard
langt oppi fjellom suddelidei
ingen viste kven foreldra hans var
langt oppi fjellom suddelidei

Grim ned til bygda gjekk
langt oppi fjellom suddelidei
søkte lykke, men kjærring han fekk
langt oppi fjellom suddelidei

Grimma trollbandt Grims hjerte
langt oppi fjellom suddelidei
ho laga eit brygg i ei blåbærterte
langt oppi fjellom suddelidei

Bryllupet stod i kirkehus
gjestane drakk grådig av store krus
Grimma ei dotter ville ha
langt oppi fjellom suddelidei
mange slags bøner den heksa ba
langt oppi fjellom suddelidei

Heksa famsa eder og bøner
langt oppi fjellom suddelidei
man alt ho fekk var vanskapte søner
langt oppi fjellom suddelidei

No vil eg ei dotter ha
langt oppi fjellom suddelidei
så får du min einaste velskapte ta
langt oppi fjellom suddelidei

Kva skjedde med min førstefødde?
langt oppi fjellom suddelidei
Eg såg han på steinen, eg såg at han blødde
langt oppi fjellom suddelidei

Grimma talte ei om Torgrims død
langt oppi fjellom suddelidei
og Grim leid den største sjelenød
langt oppi fjellom suddelidei

Grimma fekk ei velskapt dotter
langt oppi fjellom suddelidei
og om ho er det skrivi mange slåtter
langt oppi fjellom suddelidei

Men Grim blei aldri glad att
langt oppi fjellom suddelidei
og ein dag tok han kniven fatt
langt oppi fjellom suddelidei

Grimma eg vejt at du Torgrim drap
langt oppi fjellom suddelidei
no skal du døy for all di trollskap
langt oppi fjellom suddelidei

Så drap han Grimma og deira søner ti
langt oppi fjellom suddelidei
men dottera Grimfrid ho gjekk fri
langt oppi fjellom suddelidei

For kniven hans Grim glapp utor hand
langt oppi fjellom suddelidei
og spidda den stakkars arme mann
langt oppi fjellom suddelidei

For kniven hadde Grima forheksa
langt oppi fjellom suddelidei
Så heksedottera skulle få veksa
langt oppi fjellom suddelidei

Slik blei heksa Grims bane
langt oppi fjellom suddelidei
og han var alle grimmers ane
langt oppi fjellom suddelidei

Copyright © Rannveig og Miriam